OEUVRES DE GRIEG Oeuvres avec numéro d'opus Oeuvres avec numéro EG Classement par genre | Vesle Gut EG 129 (1866)
TEXTE (Christopher Janson)
Vesle Gut sit paa Tuva
Med Taaror paa si Kinn.
"Gud hjelpe dan, som liten er,
Han ingen Stad slepp inn.
Gud hjelpe dan, som liten er,
Kvat kann han setja mot,
Dei spenna til honom, store, smaa,
Og tradka honom med Fot.
Igaar so dengde meg no han Fa'r,
Idag so var dat ho Mo'r,
Og Bertel meg radt paa Skogen dreiv,
Og Bikkja beit, daa eg for.
Og kvart i Verdi du enn deg snur,
Dei smaa verda skremde i Baas,
For Bjørnen slær Labb i Reven sitt Skinn,
Men Reven tek feitta Gaas.
Sjølv Sporven Stakkar med Fjødrom graa,
Fær aldri vera i Ro,
Han sit dar syngjande paa sin Kvist,
Til Hauken kjem med si Klo. –
Skal alltid eg vera vesle Gut,
Kvar kjem eg vel av tilslut?
Eg smyg inkje vel gjenom Verdi fram
Med berra Taaror og Sut.
Skal alltid eg vera vesle Gut,
Vaarherre fær berga meg,
Han hjelper vel dan, som liten er,
Han tek meg vel inn aat seg."
|