OEUVRES DE GRIEG Oeuvres avec numéro d'opus Oeuvres avec numéro EG Classement par genre | Jenta EG 142 (1880)
TEXTE (Aasmund Olavsson Vinje)
Hardt å halda ut:
enno ingen gut!
Det er langt so lenge vona!
Mangein gut såg eg,
som såg blidt på meg,
men han tok meg ikkje til si kona!
Ung var eg ein gong
full av dans og song.
Som den friske blom eg blømde.
Gutar raudna då,
når dei på meg såg,
men eg eldest og dei frå meg rømde.
Ragnhild, ho var klok
som sin Gunnar tok
om han enn vart kalla "Knoken".
Hadde også eg
tænkt som så med meg:
"Best å bita på den fyrste kroken!"
|