OEUVRES DE GRIEG Oeuvres avec numéro d'opus Oeuvres avec numéro EG Classement par genre | 12 Mélodies sur des poèmes de A.O. Vinje op.33
12 Melodier til dikt av A.O. Vinje op.33
- Guten
- Våren
(version avec orchestre voir EG 177 n°5)
(version pour cordes seules voir op.34 Nr.2)
- Den sårede
(version pour cordes seules voir op.34 Nr.1)
- Tyttebæret
- Langs ei Å
- Eit Syn
- Gamle Mor
(version pour piano seul, voir op.52 Nr.6)
- Det Første
- Ved Rondane
- Et Vennestykke
- Trudom
- Fyremål
(version pour cordes seules voir op.53 Nr.1)
Les 12 Mélodies sur des poèmes de Vinje, complétées en 1880, témoignent de l'intérêt de Grieg pour le nynorsk, la variante du norvégien parlé dans la région de Bergen. Les poésies abordent des sujets très diversifiés, et on y trouve une des mélodies les plus célèbres de Grieg, Våren (Le printemps).
Le n°9 (Ved Rondane) a été arrangé pour choeur de femmes (2 voix de soprano et 1 voix d'alto).
TEXTES (Aasmund Olavsson Vinje)
1. Guten
Du ferer vidt, og du verdt trøytt og Foten skjer.
Du græt, so Puta ofte bløytt av Tårer er.
Med dette Salt du vaskas ut, til dess du fær
I deg den sleipe, kvasse Lut, som Livet tvær.
Då veit du hvad det seia vil, at døy ifrå det,
Som Ein lagde Hugen til, og Elsken på.
Det Grøne såg du krullas turt, som Blom til Høy.
Det Mindste var: ho visna burt di Ungdomsmøy.
Dersom du ikkje svikan var so mang ei Gong,
Du Kjærleik aldri sungi har med rette Song.
Du på Ruinene må stå av Livet ditt,
Fyrst rigtig då du rett kan sjå ikring deg vidt.
2. Våren
1. Enno ein Gong fekk eg Vetren å sjå
For Våren å røma;
Heggen med Tre som der Blomar var på,
Eg atter såg bløma.
Enno ein Gong fekk eg Isen å sjå
Frå Landet å fljota.
Snjoen å bråna og Fossen i Å
Å fyssa og brjota.
Graset det grøne eg enno ein Gong
Fekk skoda med Blomar;
Enno eg høyrde at Vårfuglen song
Mot Sol og mot Sumar.
2. Enno ein Gong den Velsignad eg fekk
At Gauken eg høyrde,
Enno ein Gong ut på åkren eg gjekk,
Der Plogen dei kjøyrde.
Enno ein Gong fekk eg skoda meg varm
På Lufti og Engi,
Jordi å sjå som med lengtande Barm
At sukka Sengi.
Vårsky å leika der til og ifrå,
Og Skybankar krulla,
So ut av Banken tok Tora til slå
Og kralla og rulla.
3. Så giddren endå meg unntes å sjå
På Vårbakken dansa,
Fivreld å fløksa og fjuka ifrå
Der Blomar seg kransa.
Alt dette Vårliv eg atter fekk sjå,
Som sidan eg miste.
Men eg er tungsam og spyrja meg må:
Tru det er det siste?
Låt det so vera: eg mykje av Vent
I Livet fekk njota;
Meire eg fekk, enn eg hadde fortent
Og Allting må trjota.
4. Eingong eg sjølv i den vårlege Eim,
Som mettar mit Auga,
Eingong eg der vil meg finna ein Heim
og symjande lauga.
Alt det, som Våren imøte meg bar
Og blomen, eg plukka,
Federnes Ånder eg trudde det var,
Som dansa og sukka.
Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar
I Våren ei Gåta;
Derfor det Ljod i den Fløyta eg skar,
Meg tyktes å gråta.
3. Den Særde
Mitt Hjarta har vori i Livets Strid,
Og mangt eit Sår har det fengi;
Det låg sjukt og sårt i so mangei Rid,
Men endå har det til denne Tid
Frå Leiken med Livet gjengi.
Men Ær på Ær etter Sår på Sår
Der er på kvar einaste sida,
Og opp dei brjota kvar evig Vår,
Når Lauvet spretter og Isen går
Og Gauken gjeler i Lida.
Men Blomar bløma i desse Ær,
Og blømande Blom er tåret.
Det soleis ogso med Jordi er:
Når Regn og Dogg ho frå Himlen fær,
So veksa Blomar i Såret.
4. Tytebæret
Tytebæret opp på Tuva
Voks utav ei liti Von.
Skogen med si grøne Huva
Fostrar mang ein raudleitt Son.
Eingong seint om Hausten
Lagde liten Svein til Bærskogs ut:
"Raudt eg lyser," Bæret sagde,
"kom åt meg, du Vesle-Gut.
Her ifrå du meg må taka;
Mogi Bær er utan Ro.
Mal meg sundt, at du kan smaka
Svaledrykken av mitt Blod!
Mognar du, so vil du beda
Just den same Bøn, som eg.
Mogen Mann det mest må gleda,
Bort for Folk å gjeva seg.
5. Langs ei Å
Du Skog! som bøyer deg imot
Og kysse denne svarte Å,
Som grever av di Hjarterot
Og ned i Fanget vil deg få.
Lik deg eg Mang ein munde sjå,
Og allerhelst i Livsens Vår,
At han den Handi kyste på,
Som slo hans verste Hjartesår.
6. Eit Syn
Ei Gjente eg såg som gjorde meg fjåg,
Det var, som eg det skulde drøyma.
Eg såg meg so sæl, eg minnest det vel:
Eg aldri det kjem til å gløyma.
Som naglad eg stod og raudna som Blod,
Det gjekk for Øyra mitt som Lundar;
Eg såg henne der, eg ser henne her,
Eg ser henne best når eg blundar.
Om let og om Lag og Andletets Drag,
Og all henar Venleik og Sæla,
Og Augo, som brann, eg seia ei kan:
Eg ser det, men kan ikkje mæla.
Eg fær det vel sjå, man aldri kan få
Kvi syna seg for meg ho turvte?
So ljos og so rein som Soli ho skein,
Men burte og burte og burte.
7. Gamle Mor
Du gamle Mor! du sliter arm,
So Sveiten er som Blod,
Men enddå i ditt Hjarta varm.
O du meg gav min sterke Arm
Og dette ville Mod.
Du turka Tårer av mi Kinn
So mangein Herrens Gong,
Og kyste meg som Guten din
Og bles meg uti Barmen inn
Min sigerfulle Song.
Og gamle du, du gav til meg
Mi mjuke Hjarterot;
Og derfor må eg elska deg,
Hvarhelst eg vankar på min Veg,
Om so på villand Fot.
8. Det fyrste
Det Fyrste du har å gjera, Mann,
Det er å døy,
Når ikkje du lenger elska kan
Den fagre Møy.
For då er det ute med spræke Gut
Og Mannens Verd,
For då er Livet alt brunni ut
Det Oske er.
Og derfor stødt som det beste galdt
Eit Hjartelag.
Og derfor Mannen han elskar alt
Til Døyanddag.
Og lever der Nokon, som ikkje Liv
Av Kjærleik saug,
Då gjeng han atter og sviv og driv
Som bleike Draug.
9. Ved Rondane
No ser eg atter slike Fjell og Dalar,
Som dei eg i min fyrste Ungdom såg,
Og same Vind den heite Pan nå svalar;
Og Gullet ligg på Snjo, som før det låg.
Det er eit Barnemål, som til meg taler,
Og gjer meg tankefull, men en då fjåg.
Med Ungdomsminne er den Tala blanda;
Det strøymer på meg, so eg knapt kan anda.
Ja Livet strøymer på meg, som det strøymde
Når under Snjo eg såg det grøne Strå.
Eg drøymer no, som før er alltid drøymde,
Når slike Fjell eg såg i Lufti blå.
Eg gløymer Dagsens Strid, som før eg gløymde,
Når eg mot Kveld av Sol ein Glimt fekk sjå.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
Når Soli heim til Natti vil meg lysa.
10. Et Vennestykke
Tro ei Venner,
Om du kjenner end dem aldri så.
En af disse mine,
Vogt dig du for dine,
Tog den Gjente,
Som jeg kjente
Og tok Sikte på.
Han tog "Fuglen".
Jeg er Uglen, sittende på Kvist-
Mange ere fløyne
Bort med blanke Øyne
Fra mig gamle,
Som må famle
Uten Ro og Rist.
11. Trudom
Guds Rike er eit Fredens Rike,
Men det til Ufred vendes om.
Der føres Strid foruten Like,
So Nåden fær so lite Rum.
Dei Beste Livet låta må,
Fordi dei meir enn Andre sjå.
Gud vil os endå nådig hyrda
Og sist frå Villska få os bort,
Han veit at om vi Broder myrda,
So for hans skuld det alt verdt gjort.
I Nåde den han tenkjer på,
Som drap for Himlen sjølf å få.
12. Fyremål
Vegen vita, på Villstig venda,
Fram å fara og Færdi enda;
Vi mot Målet må soleis halda
Ellers vil vi på Vegen falla.
Enn eit år yver bratte Bakkar,
Haug og Hamrar og høge Slakkar,
Fjell og Fjøre og Fjord, som bryter,
Flod som fløymer og Foss, som tyter,
Må vi vandra og Vegen fara,
Måtte Makti og Mergen vara, ja vara!
Kom då, Snille, vi slita saman.
For den Gilde er Gant og Gaman.
Trygt og trofast vår Norsk vi tala,
Med det same Slags Mål vi mala.
Kom då, Snille, vi slite saman,
For den Gilde er Gant og Gaman.
Vegen vi ta, på Villstig venda,
Fram at fara og Færdi enda:
Vi mot Målet må soleis halda
Ellers vil vi på Vegen falla.
|