Accueil  ♪  Articles  ♪  Oeuvres de Grieg  ♪  Agenda  ♪  Liens  ♪  Contact

OEUVRES DE GRIEG

Oeuvres avec numéro d'opus
Oeuvres avec numéro EG
Classement par genre

Sanger fra Haugtussa EG 152 (1895)

Complément au cycle de 8 mélodies de l'op. 67.

  • Prolog (esquisse)
  • Veslemøy ved Rokken (esquisse)
  • Kvelding (esquisse)
  • Sporven
  • Fyrevarsel (esquisse)
  • I Slaatten
  • Veslemøy undrast
  • Dømd
  • Den snilde Guten (esquisse)
  • Veslemøy lengtar
  • Skog-glad (esquisse)
  • Ku-Lokk

TEXTES (Arne Garborg)

Sporven
Smaa-Sporven gjeng i Tune
og tippar Korn og ribbar Straa
og hev so god ein Une
og lær aat Katten graa.
Pip, pip, det so seg lagar
alle Dagar,
at Monsemann meg jagar,
men kan meg aldri faa.

Eg er so lett paa Vengen,
og Mons maa sleikja seg um Trut;
kvitt, kvitt, den gamle Drengen,
han fekk so mang ei Sut.
Og um i vide Ringar
Hauken svingar,
eg burt meg kverv og kringar
og slepp av Leiken ut.

Eg liver Dagar lette
og er fornøgd, aa ja, aa ja!
Kvar dag eg fær min Mette
som eg det best vil ha.
Pytt, pytt, tarr aldri røa!
Nok i Løa!
Der ligg den rike Grøda;
der kan eg berre ta.

Og tidt eg fær i Joli
ein Godbit fin av Veslemøy;
og frys det, hev eg Skjol i
det gode varme Høy.
Og so - kvitt-kvitt, gomaar'n!
so kjem Vaaren;
daa fri paa Vengen bôren
eg byggjer Reir paa Øy.

I Slaatten
No Ljaaen han syng paa den saftige Voll,
og alle Smaablomane slær han i Koll,
og Grase av Roti han sopar.
Det gjeng seg so lett i den doggmjuke Eng;
i Skaarane svingar seg Dreng etter Dreng
og slær, so or Vegen det ropar.

Ja svinga, du Slaattar, og Vollane snøy!
Det angar so godt av det nyslegne Høy,
som Verdi var full utav Blomar.
Det legg seg ein God-daam um Bakke og Bygd;
det er som ei Ørske av Nøgd og av Trygd;
det angar so hjarteleg Sumar.

Og gjev det vil skifta med Sol og med Vind,
so all den Guds Gaava dei godt kan faa inn!
Det vil eg so inderleg beda.
Ja gjev oss ein Terre so god og so traust!
daa tarv me kje fæla den folnande Haust,
og Jol skal me halda med Gleda.

Veslemøy undrast
Jenton' breier, der Gutan' slær;
so ropar dei til kvarandre og lær.
Me veit, naar det er so laga.

Ja lett det gjeng med Lentur og Fjas,
paa Vollen der i det fallne Gras.
Me veit, naar det er so laga.

Og skjemte og fjasa, lat gaa med det;
det gjer eg kanskje ein Gong, eg med.
Me veit, naar det er so laga.

Ja tenk, um eg raaka den Guten snilde,
som ikkje aat Haugtussa flira vilde!
Me veit, naar det er so laga.

Ja skjemte og fjasa, - det skil ikkje meg;
men tenk, at Gjentunn' vil gifta seg!
Me veit, naar det er so laga.

Om Guten er ven, naar han liten gjeng,
so vert han stygg, naar han veks til Dreng.
Me veit, naar det er so laga.

Og endaa um Drengen seg visa kan,
so vert han eit Troll, so snart han er Mann.
Me veit, naar det er so laga.

Ja tenk! at dei lokkar dei til aa fria!
Og tenk, at dei vil til Kyrkje rida!
Me veit, naar det er so laga.

Skjemta og fjasa eit Gran, - lat gaa;
men kyssa eit Skjegg! Aa langt derifraa!
Det var, om det var so laga?

Dømd
Eg hev som vigde Mammons Træl
for vesal Vinning selt mi Sjæl;
for dette arme Stykkje Jord
eg fraa meg Fred og Frelse svor.
No finn eg aldri Heim og Hamn,
Gud hjelpe meg i Jesu Namn!

Den ut er dømd or Himmelrik'
som her i Verdi gjorde Svik;
han miste Ord, han miste Tru
og kan kje millom Vener bu.
No veglaus driv min brotne Stamn,
Gud hjelpe meg i Jesu Namn!

Eg gjekk som ærelause Svein
og flutte denne Deildestein;
eg braut mitt Ord, eg braut mi Tru
og kan kje millom Vener bu.
Eg finn kje Fred og Faderfamn,
Gud hjelpe meg i Jesu Namn!

Veslemøy lengtar
No stend ho steller i Kjøken-Kraa, ho Mor!
ho er so gamal, ho er so graa, ho Mor.
Aa var eg Katten i mjuke Skind,
som kjæla fær seg som Baanet inn
til ho Mor!

Eg veit so væl, kva ho tenkjer paa, ho Mor,
naar der ved Gruva ho mødd maa staa, ho Mor.
So tidt ho gløymer sitt Træl og Mas
og stirer ut gjenom Kjøkenglas,
gjer ho Mor.

Ho gløymer Stræv og ho gløymer Stell, ho Mor,
og stirer upp mot dei ville Fjell, ho Mor.
«Kor gjeng det Veslemøy, arme Ting,
som renne maa alle Berg i Kring?»
spør ho Mor.

Aa tru den Tidi fekk rundt seg snutt, du Mor!
Eg reknar Time og kvart Minutt, du Mor!
Aa kunde eg stiga med Sjumils-Steg
og sitja ei ørlita Stund hjaa deg,
du mi Mor!

Ku-Lokk
Aa Kyri mi vene, aa Kyri mi!
Her sviv me no glade um Sumars Tid;
i Fjelle finn me dei finaste Straa;
i Dalen strøymer den stride Aa.
Og Vinden stryker so ljuv og linn
som signande Sus fraa den klaare Tind.
Aa Kiri, aa Kiri mi vene, aa Kiri mi!

Aa Kyri mi gode, aa Kyri mi!
Her skal du vel trivast i grøne Li;
her sildrar Kjelda med Surl og Skval,
og Grase er mjukt og Skuggen sval.
Ja Nordanaas-Lidi, der er det godt;
der gjæter Huldri kvar einaste Nott.
Aa Kiri, aa Kiri mi vene, aa Kiri mi!

Aa Kyri mi vene, aa Kyri mi!
Drøym godt um meg og den grøne Li!
Der sullar me sæle den Sumar lang;
til Hausten skal me paa Heimevang.
Daa kjem du til Gards som ei Dronning du,
og alle ropar: aa nei, for Ku!
Aa Kiri, aa Kiri mi vene, aa Kiri mi!