Accueil  ♪  Articles  ♪  Oeuvres de Grieg  ♪  Agenda  ♪  Liens  ♪  Contact

OEUVRES DE GRIEG

Oeuvres avec numéro d'opus
Oeuvres avec numéro EG
Classement par genre

Haugtussa - Cycle sur des poèmes de Arne Garborg op.67
Haugtussa - Sang-Cyklus av Arne Garborg op.67
Haugtussa - Das kind der Berge op.67

  • Det syng
  • Veslemøy
  • Blåbær-li
  • Møte
  • Elsk
  • Killingdans
  • Vond dag
  • Ved gjætle-bekken

D'autres mélodies ont été composées en annexe à ce cycle, voir EG 152

TEXTES (Arne Garborg)

1. Det syng
Å veit du den Draum, og veit du den Song,
So vil du Tonarne gøyma;
Og gilja det for deg so mang ein Gong,
Rett aldri so kan du det gløyma.
Å hildrande du!
Med meg skal du bu,
I Blåhaugen skal du din Sylvrokk snu.

Du skal ikkje fæla den mjuke Nott,
Då Draumen slær ut sine Vengjer
I linnare Ljos enn Dagen hev ått,
Og Tonar på mjukare Strengjer.
Det voggar um Li,
Det svævest av Strid,
Og Dagen ei kjenner den Sæle-Tid.

Du skal ikkje ræddas den Elskhug vill,
Som syndar og græt og gløymer;
Hans Famn er heit og hans Hug er mild,
Og Bjønnen arge han tøymer.
Å hildrande du!
Med meg skal du bu,
I Blåhaugen skal du din Sylvrokk snu.

2. Veslemøy
Ho er mager og myrk og mjå
Med brune og reine Drag
Og Augo djupe og grå'
Og stilslegt, drøymande Lag.

Det er som det halvt um halvt
Låg ein Svevn yver heile ho;
I Rørsle, Tale og alt
Ho hev denne døyvde Ro.

Under Panna fager, men låg
Lyser Augo som bak ein Eim;
Det er som dei stirande såg
Langt inn i ein annan Heim.

Berre Barmen gjeng sprengd og tung,
Og det bivrar um Munnen bleik.
Ho er skjelvande sped op veik,
Midt i det ho er ven og ung.

3. Blåbær-Li
Nei sjå, kor det blåner her!
No må me roa oss, Kyra!
Å nei, slike fine Bær,
Og dei, som det berre kyr a'!
Nei Maken eg hev kje set!
Sumt godt her er då til fjells.
No vil eg eta meg mett;
Her vil eg vera til Kvelds!

Men kom no den Bjønnen stor!
- Her fekk bli Rom åt oss båe.
Eg torde kje seia eit Ord
Til slik ein røsjeleg Våe.
Eg sa berre: "ver so god!
No må du kje vera bljug!
Eg lêt deg so væl i Ro;
Ta for deg etter din Hug."

Men var det den Reven rau,
So skuld' han få smaka Staven;
Eg skulde banka han dau,
Um so han var Bror til Paven.
Sligt skarve, harmelegt Sleng!
Han stel både Kje og Lam.
Men endå so fin han gjeng
Hev korkje Agg hell Skam.

Men var det den stygge Skrubb,
So arg og so hôl som Futen,
Eg tog meg ein Bjørkekubb
Og gav han ein god på Snuten.
Han reiv sund Sauer og Lam
For Mor mi so trådt og tidt;
Ja sant! um han berre kom,
Skuld' han so visst få sitt.

Men var det den snilde Gut
Der burte frå Skare-Brôte,
Han fekk vel ein på sin Trut,
Men helst på ein annan Måte.
Å Tøv, kva tenkjer eg på!
Det lid nok på Dagen alt...
Eg må til Buskapen sjå;
Ho "Dokka" drøymer um Salt.

4. Møte
Ho sit ein Sundag lengtande i Li;
Det strøymer på med desse søte Tankar,
Og Hjarta fullt og tungt i Barmen bankar,
Og Draumen vaknar, bivrande og blid.
Då gjeng det som ei Hildring yver Nuten;
Ho raudner heit; - der kjem den vene Guten.

Burt vil ho gøyma seg i Ørska brå,
Men stoggar tryllt og Augo mot han vender;
Dei tek einannan i dei varne Hender
Og stend so der og veit seg inkje Råd.
Då bryt ho ut i dette Undringsord:
"Men snille deg då, at du er så stor!"

Og som det lid til svale Kveldings Stund,
Alt meir og meir i Lengt dei saman søkjer,
Og brådt um Hals den unge Arm seg krøkjer
Og øre skjelv dei saman Munn mot Munn.
Alt svimrar burt. Og der i Kvelden varm
I heite Sæle søv ho i hans Arm.

5. Elsk
Den galne Guten min Hug hev dåra,
Eg fangen sit som ein Fugl i Snåra;
Den galne Guten, han gjeng so baus;
Han veit, at Fuglen vil aldri laus.

Å giev du batt meg med Bast og Bende,
Å gjev du batt meg, so Bandi brende!
Å gjev du drog meg so fast til deg,
At heile Verdi kom burt for meg!

Ja kund' eg trolla og kund' eg heksa,
Eg vilde inn i den Guten veksa,
Eg vilde veksa meg i deg inn
Og vera berre hos Guten min.

Å du, som bur meg i Hjarta inne,
Du Magti fekk yver alt mit Minne;
Kvart vesle Hugsviv som framum dreg,
Det berre kviskrar um deg, um deg.

Um Soli lyser på Himlen blanke,
No ser ho deg, det er all min Tanke;
Um Dagen dovnar og Skoming fell:
Skal tru han tenkjer på meg i Kveld?

6. Killingdans
Å hipp og hoppe
Og tipp og toppe
På denne Dag;
Å nipp og nappe
Og tripp og trappe
I slikt eit Lag.
Og det er Kjæl-i-Sol,
Og det er Spel-i-Sol,
Og det er Tit-ri-Li,
Og det er Glit-ri-Li,
Og det er Kjæte
Og Lurvelæte
Ein Solskindag.

Å nupp i Nakken,
Og stup i Bakken
Og tipp på Tå;
Å rekk i Ringen
Og svipp i Svingen
Og hopp-i-hå.
Og det er Sleik-i-Sol,
Og det er Leik-i-Sol,
Og det er Glim-i-Li,
Og det er Stim-i-Li,
Og det er Kvitter
Og Bekkje-Glitter
Og lognt i Krå.

Å trapp og tralle,
Og Puff i Skalle,
Den skal du ha!
Og snipp og snute,
Og Kyss på Trute,
Den kan du ta.
Og det er Rull-i-Ring,
Og det er Sull-i-Sving,
Og det er Lett-på-Tå,
Og det er Sprett-på-Tå,
Og det er hei-san
Og det er hopp-san
Og tra-la-la.

7. Vond Dag
Ho reknar Dag og Stund og seine Kveld
Til Sundag kjem; han hev so trufast lova,
At um det regnde Småstein yver Fjell,
So skal dei finnast der i "Gjærtarstova".
Men Sundag kjem og gjeng med Regn og Rusk;
Ho eismal sit og græt attunder Busk.

Som Fuglen, sårad under varme Veng
So Blode tippar lik den heite Tåre,
Ho dreg seg sjuk og skjelvande i Seng,
Og vrid seg Notti lang i Gråten såre.
Det slit i Hjarta og det brenn på Kinn.
No må ho døy; ho miste Guten sin.

8. Ved Gjætle-Bekken
Du surlande Bekk,
Du kurlande Bekk,
Her ligg du og kosar deg varm og klår.
Og sprytar deg rein
Og glid yver Stein,
Og sullar so godt
Og mullar so smått
Og glitrar i Soli med mjuke Bår'.
- Å, her vil eg kvila, kvila.

Du tiklande Bekk,
Du siklande Bekk,
Her gjeng du so glad i den ljose Li.
Med Klunk og med Klukk,
Med Song og med Sukk,
Med Sus og med Dus
Gjennom lauvbygt Hus,
Med underlegt Svall og med Svæving blid.
- Å, her vil eg drøyma, drøyma.

Du hullande Bekk,
Du sullande Bekk,
Her fekk du Seng under Mosen mjuk.
Her drøymer du kurt
Og gløymer deg burt
Og kviskrar og kved
I den store Fred
Med Svaling for Hugsott og Lengting sjuk.
- Å, her vil eg minnast, minnast.

Du vildrande Bekk,
Du sildrande Bekk,
Kva tenkte du alt på din lange Veg?
Gjennom aude Rom?
Millom Busk og Blom?
Når i Jord du smatt,
Når du fann deg att?
Tru nokon du såg so eismal som eg?
- Å, her vil eg gløyma, gløyma.

Du tislande Bekk,
Du rislande Bekk,
Du leikar i Lund, du sullar i Ro.
Og smiler mot Sol
Og lær i dit Skjol,
Og vandrar so langt
Og lærer so mangt,
Å syngkje um det, som eg tenkjer no.
- Å, lat meg få blunda, blunda!